• Herdla golfbane

  • Idylliske omgivelser


Herdla

Her finnes mange spor fra øyas lange historie som kirkested og møteplass. På den flate Herdlevalen er blant annet et fuglereservat hvor det er registrert mer enn 240 forskjellige arter.

Den spesielle naturen på Herdla, med flate jorder, strender og grunnar, er eit produkt av isbreen sitt arbeid. Då breen hadde si siste store framrykking for ca. 12.000 år sidan blei iskanten liggjande ved Herdla. Hit frakta isen og smeltevasselvane med seg store mengder lausmassar og bygde opp eit delta. Dette ligg i dag vel 30 meter over havflata og dannar flata mellom Herdla Gård og Herdla Fort. Også den store sletta som vert kalla Valen er bygd opp av lausmassar frå issmeltinga. Den har fått si form ved at tidevasstraumen mellom Herdle- og Hjeltefjorden har planert ut terrassane.

«Festung Herdla»

Sidan 2010 har Herdla museum presentert utstillinga av jagarflyet “Gul-16” i ein lagerhall på fortet.

Sidan 2010 har Herdla museum presentert utstillinga av jagarflyet “Gul-16” i ein lagerhall på fortet.

Kort tid etter okkupasjonen starta tyskarane bygginga av ein flyplass på Herdlevalen. Flyplassen var operativ alt hausten 1940 og spelte gjennom heile krigen ei viktig rolle i forhold til å hindra allierte flyangrep mot skipstrafikk og landmål. I løpet av krigen blei det også etablert eit torpedobatteri og eit kystfort på øya. Som følgje av den store tyske aktivtiten måtte alle som budde på øya, reisa frå hus og heim.

Fugleøya

Herdla er den rikaste fuglelokaliteten i Hordaland med meir enn 230 registrerte arter. Det er dei spesielle naturforholda med strender og store gruntvassområde som gjer at fuglane søkjer til Herdla. Særleg under trekket vår og haust er
aktiviteten stor. Mange artar, særleg vadarar, tek då ein matstopp på Herdla før dei held fram mot målet sitt. Nokre artar, særleg andefuglar, blir verande og kan treffast på Herdla gjennom heile vinteren. Av omsyn til fuglelivet er Herdlevalen og dei tilgrensande øyane og sjøområda, underlagt vernerestriksjonar. Det strengaste vernet har Prestvika nord på Valen der det er ferdselsforbod i hekketida. Samstundes som fuglane skal sikrast ro, er det også lagt opp til at du skal få oppleva fuglelivet på øya.

Besøk Herdla

Herdla er et populært reisemål med mange historiske minnesmerker og naturattraksjoner.

Herdla har mykje å by på. Her er både museum, kafe, golfbane og overnattingstilbud. Det er dessutan flotte turforhold, og gode fiske og badeplasser på øya. I Herdlevågen er det offentleg kai, det er også råd å leggja til med båt i Herdlesundet og på Skarvøy. Vindsurfarar og kitarar nyttar Herdla som base gjennom heile året. For padlarar er øya eit godt utgangspunkt for turar både langs Askøy og over mot Mæland.

Herdla Fort – porten til Herdla

I meir enn 50 år hadde Forsvaret kystfort på Herdla, men i 2001 var det slutt. Fortet blei nedlagt og er no omgjort til friluftsområde. Herdla fort kan by på variert natur og spennande krigsminne, men også på flott utsyn mot Herdlevalen
og nordover Hjeltefjorden. Sidan fortet skal vera den nye innfallsporten for dei som besøker øya er det etablert parkeringsplass og toalett like innafor porten. Herifrå kan du anten følgja hovudvegen gjennom området, joggeløypa som går
langs ytterkanten eller stinettet som leider deg til utkikkspunkt og kulturminner. Det går også sti mellom fortet og Herdlevalen.Sidan 2010 har Herdla museum presentert utstillinga av jagarflyet “Gul-16” i ein lagerhall på fortet. Dette tilbodet er no utvida med eit nytt lokale der det vert synt skiftande utstillingar.

I 2013 ble også det freda torpedobatteriet opna for publikum. Kvar søndag vert det høve til å vera med på ein guida tur gjennom eit intakt anlegg der berre mannskapa manglar. Som besøkande blir du sett tilbake til den kalde krigen og til
eit trugsmålsbilete som i dag verkar fjernt, sjølv om det berre ligg 20–30 år tilbake i tid.

Herdla Golf

Herdla golfbane er en meget populær 9 hulls bane, som blir benyttet av golfmiljøet i hele bergensdistriktet. Banen er bygget på en endemorene fra istiden. Dette, i kombinasjon med det milde kystklimaet, gjør at banen er spillbar store
deler av året.



Hovedsponsorer